Bygderydding 2024

 

Nå startar VØR og Retura Søre Sunnmøre med bygderydding i Volda og Ørsta.

Dette er eit samarbeid vi har hatt med dei ulike grendelaga i over 20 år.

Ved bygderydding sett Retura ut ein container for elektrisk avfall/kvitevarer og ein for skrapjern/metall i kvar bygd. Desse står tilgjengeleg ei veke og blir bytta om dei blir fulle om ein tek kontakt med Retura.

 

 

Finn informasjon og dato for di bygd her:

  • 26. Mars – 4. April: Standal og Trandal
  • 3. April – 10. April: Lauvstad og Indre Dalsfjord
  • 4. April – 11. April: Barstadvik og Nordre Vartdal
  • 10. April – 17. April: Folkestad, Dravlaus og Innselset
  • 15. April – 22. April: Bjørdalen og Bondalen
  • 17. April – 24. April: Bjørkedal og Dalsbygd
  • 22. April – 29. April: Urke og Norangdal
  • 24. April – 30. April: Austefjord og Kilsfjord
  • 29. April – 6. Mai: Follestaddalen og Brautaset
  • 30. April – 8. Mai: Kalvatn og Høydalen
  • 6. Mai – 13. Mai: Vatne og Liadalsbygda
  • 8. Mai – 15. Mai: Hjartåbygda og Bjørke
  • 22. Mai – 29. Mai: Lid og Mork
  • 29. Mai – 5. Juni: Hornindal og Vikebygda

 

Også i år  vil vi ha fokus på å unngå feilsortering i containarane som står ute på bygdene. Feilsortering i containarane med til dømes restavfall, farleg avfall og anna rusk fører til høge kostnadar og farlege situasjonar for sjåfør og tilsett som skal transportere og sortere avfallet når det kjem inn på anlegget. Ved grov feilsortering, risikerer bygda å miste tilbodet sitt om bygderydding. Vi minner om viktigheita av å ha ei godt lagspel i alle bygder, slik at vi kan halde fram med å tilby ei ordning som har fungert godt i mange år.

 

Vis omsyn til sambygdingar og våre tilsette ved å plassere varene forsiktig og ryddig i container, slik at desse ikkje knuser og tek opp unødig plass.

 

 

1. Metall/jern

I containeren for metall kan du levere:

 

Ja takk:

  • Skrapjern av utstyr og maskiner
  • Gjenstandar av metall som til dømes: kasseroller, steikepanner, bestikk, reidskap, postkasser osv.
  • Plenklippar (hugs å tappe av olje og drivstoff!)
  • Syklar og bildelar
  • Tomme målingsspann

 

 

Nei takk

  • plast, gummi, treverk, restavfall, farleg avfall, vindauge, matavfall

 

 

Det er svært viktig at berre metall vert kasta i denne.

Vi ber om at olje vert tappa av slikt utstyr som har dette, og at batteri vert tekne ut og levert som farleg avfall.

Store gjenstandar, t.d. traktorar, gravemaskiner, bilar, lastebilar og liknande som ikkje går inn i containeren kan det gjerast særskilt avtale med RSS om. Desse kan verte henta på staden dersom det er råd å kome til med kranbil.

 

 

2. EE-avfall

I container for elektrisk avfall kan du levere:

Ja takk

  • Kvitevarer som til dømes: frysar, kjøleskap og steikeomn.
  • Større elektronikk som til dømes: fjernsyn, støvsugar og lampar ( hugs å fjerne lyspærer!)
  • Småelektronikk som til dømes: vasskokar, brødristar og fjernkontroll ( hugs å fjerne batteri!)

Nei takk

Batterier, lyspærer, utstyr med olje eller drivstoffrestar + anna farleg avfall. Dette skal leverast på miljøstasjonen.

Ta ut batteri av produkta før du set dei i containeren.

Ingenting anna enn EE-avfall skal plasserast her.

 

 

3. Restavfall innsamling

Kvar vår etter bygderydding køyrer vi eie runde med baklastar og hentar inn restavfall heime hjå abonnentar på bygdene. Dette er ei bestillingsordning der ein må melde seg på ved å ta kontakt med Retura. Baklastaren har ei vekt og ein betalar då ein kilopris (3 kr inkl. mva) for mengder levert, på lik linje som ved levering på miljøstasjonen. Dei som melder seg på får ein dato og tidspunkt der avfallet må liggje lett tilgjengeleg og ein representant frå hushaldet må vere heime.

Hentinga er gratis, men det vert belasta kr 3 pr kg (inkl. mva) for avfallet.

 

Dei som er interessert i ei sånn løysing kan kontakte Retura Søre Sunnmøre på tlf.: 70048610 eller pr e-post: rss@retura.no.

Avfallet vert henta i slutten av mai/starten av juni.

 

 

 

4. Innsamlingsaksjon for farleg avfall

Som eit ledd for å unngå at farleg avfall hamnar i containarane på bygdene, vil VØR i år halde innsamlingsaksjon for farleg avfall og småelektrisk avfall på bygdene før bygderydding. Abonnentane vil då få ei SMS-varsling omtrent ei veke før dei kjem til aktuell bygd, med møtepunkt og plassering. På møtestaden kan ein få tømt raud boks og levere anna farleg avfall og småelektrisk avfall.

 

Ved farleg avfall aksjon og på miljøstasjon kan du gratis levere:

  • Alle typar lysrøyr og lyspærer ( dette kan du også levere på butikkar som sel slikt)
  • Sprayboksar ( tomme og med innhald) og målingsspann med restar)
  • Bilbatteri og mindre batteri ( gjerne samla mindre batteri i eit glas/mindre boks)
  • Restar frå kjemikalie- og reinhaldsprodukt, løysingsmiddel (må være emballert)
  • Olje og drivstoff ( må vere emballert!)
  • Småelektrisk avfall som til dømes: batterileiker, lampar, mobiltelefon, ladarar etc.

Trykkimpregnert trevirke, asbest og vindauge som inneheld PCB og klorparafiner er farleg avfall som må leverast på miljøstasjon i Hovdebygda.

 

 

 

 

5. Anna Informasjon

  • Dersom du har større mengder metall, elektrisk og grovafall, kan det vere ei betre løysing å bestille eigen konteiner.
  • Dersom du er usikker på korleis du skal sortere avfallet, kan du ta kontakt med VØR eller Retura Søre Sunnmøre. Du kan også bruke nettsida www.sortere.no

 

Send oss epost rss@retura.no eller bruk kontaktskjema.