Glas og metall


Glasemballasje, som glasflasker utan pant, syltetøyglas og liknande skal leverast til gjenvinning.
Glas som ikkje er emballasje (til dømes porselen, steintøy og ildfaste former) kan innehalde feil stoff som kan øydeleggje gjenvinningsprosessen, og skal derfor sorterast som restavfall.

På mottaket blir glas- og metallemballasje tømt over på eit samleband. Her blir stål og aluminium luka ut ved hjelp av magnetar, og sendt vidare til metallgjenvinning. Glasemballasjen fortsett vidare på bandet, og blir knust og gjennomlyst i ei stor maskin. Maskina kan sortere glasbitane etter fargenyansar, og knuse dei ned i ønska størrelse. Lyset les fargen på kvar minste glasbit og sorterer dei slik innstillinga gir beskjed om. Råstoffet frå glasemballasjen blir solgt til ulike glasverk, og smeltar om til ny glasemballasje. Råstoffet kan også brukast til å lage isolasjon til hus, og som isolerande materiale til vegbygging og byggeblokker.

 

Metallemballasje er all emballasje for mat- og drikke (unntatt drikkebokser med pant), som er laga av metall.

Innsamla glas og metallemballasje endar på eit sorteringsanlegg. Etter at uønska materiale er sortert ut selgast aluminium og stål som råvarer på verdsmarknaden. Dette kan bli til alle mulige nye produkter. Aluminium kan til dømes bli til aluminiumsfolie, makrell i tomat-bokser og syklar. Stål kan gjenvinnast til bruk i blant anna stålkonstruksjonar i bygg, verktøy, spikar og skruar.

Send oss epost rss@retura.no eller bruk kontaktskjema.