10m3 open container:
Dette er den mest brukte og «vanlege» typen av våre containerar. Den passar fint til husbygging, riving, rydding m.m. Og blir transportert med våre minste lastebilar for å kunne kome til i trange oppkjørslar etc. Mål: L3,5m x B1,9m x H1,8m
10m3 lukka container:
Denne størrelsen passar fint til matavfall, papp, gips, isolasjon, makulatur og fraksjonar, som bør haldast tørre for regn og snø. Mål: L4,15m x B2,0m x H1,9m
15m3 open container:
Om du har behov for litt større kapasitet, kan denne containeren vere fin å bruke. Dei fleste har dører i enden, slik at det er høve til å gå inn i containeren. Mål: L4,2m x B2,2m x H1,9m
22m3 open container:
Dette er ein krokcontainer, og vert frakta med større lastebilar og krev difor meir plass. Den passar fint ved lasting av hjullaster/traktor/gravemaskin då dei har forhaldsvis lave karmar. Ofte brukt til hageavfall, trevirke, riving etc. Ca mål: L6,2m x B2,4m x H1,7m
35m3 – 46m3 open container:
Ein krokcontainer som blir brukt til større riving/ryddingsprosjekt. Ca Mål: L6,4m x B2,5m x H2,7m
Returasekken:
Denne høver godt for mindre mengder avfall, og til stadar der det er vanskeleg å sette ut container. Du kjøper sekken på Retura og vi hentar den med kranbil når den er fyllt opp. Retura Standardsekk L, mål: 90x90m100 cm. Tek inntil eit tonn. Retura XL sekk, mål: 95x220x90 cm. Tek inntil eit tonn Vi har fastpris til privatpersonar inkludert innhald og henting. Ta kontakt for meir info.
10 / 20 fot lagercontainer:
For oppbevaring av maskiner, verktøy, inventar, utstyr m.m.