EE – Avfall kabler
EE-avfall er alle produkt som bruker eller leiar straum – anten det er frå straumnettet eller frå batteri. Alt EE-avfall skal leverast på gjenvinningsstasjonen.
Etter at EE-avfallet er levert direkte til gjenvinningsstasjonen, eller i bahaldar/container frå kunde, blir det frakta vidare til næraste mottaksanlegg. EE-avfall består av mange forskjellige typer produkt og må oftast sorterast manuelt. På mottaksanlegga skrur ein frå kvarandre og sortera dei ulike delene. Mykje av EE-avfallet inneheld stoff som er miljøskadelige. Desse må hentast ut slik at dei blir behandla på ein forsvarleg måte. Kabel blir sortert for seg sjølv.
Etter at materialet er grovsortert, blir det sendt vidare til ulike mottak, alt avhengig av kva prosess det skal gjennom. Her kan vi skilje mellom miljøsanering og vidareforedling. Metall blir sendt til smelteverk i Noreg eller Sverige. Plasten går anten til energiutnytting eller til materialgjenvinning.