Papp

Bølgjepapp

Etter at den brune returfiberen er levert til ein mottaksstasjon eller henta av Retura Søre Sunnmøre blir den sortert og pressa til store baller. Brun returfiber er ein verdifull og etterspurd råvare og blir etter sortering selt til papirfabrikkar, i Noreg eller til utlandet. Ca 50% blir eksportert til utlandet, mellom anna til Kina, India, Tyskland og Sverige.

Emballasjekartong

Kartong som blir brukt til å pakke inn frosenpizza, frukostblandingar, småelektronikk, leiketøy og liknande, blir kalla emballasjekartong. Når kartong og papiravfall er samla inn frå hushaldningar går det vidare til eit sorteringsanlegg der det blir sortert etter ulike papirkvalitetar. Papiret blir deretter frakta til papirfabrikken, der noko blir til nytt papir, som avispapir eller eksempelvis bølgjepapp.

Send oss epost rss@retura.no eller bruk kontaktskjema.