Sortering

Vi har registrert ein feil ved henting av avfallet ditt!

Dersom du har motteke eit varsel eller avviksmerke på dunken/avfallet ditt så kan du finne informasjon her om kva årsaka kan vere. I enkelte høve har renovatør sikra seg bilde frå avviket og registrert dette inn i vårt elektroniske ordresystem. 

Vi ynskjer sjøvsagt eit godt samarbeid med våre kunder, og håper at vi saman kan få til god sortering slik at vi kan gjenvinne så mykje av avfallet som mogleg. Skulle du som kunde vere usikker på noko kring sortering eller anna, så er vi alltid klar til å hjelpe deg med dette. Ta då kontakt med oss på e-post eller pr. telefon til kundesenteret. 

 

Sortert Restavfall inneheld anna avfall enn utsortert restavfall. Dunken/container vert difor ikkje tømt og vi ber om at dette blir retta på til neste tøming. Eksempler på avfall som ikkje skal i dunk/container for sortert restavfall er slikt som elektro-artikler, batterier, sprayboksar, maling, lim, lakk med meir. 

 

Restavfall til sortering  inneheld anna avfall enn restavfall til sortering. Container vert difor ikkje tømt og vi ber om at dette blir retta på til neste tøming. Eksempler på avfall som ikkje skal i container for restavfall til sortering er slikt som elektro-artikler, batterier, sprayboksar, maling, lim, lakk med meir.

 

Plastsekken med hushaldningsliknande plast inneheld avfall som ikkje er plastemballasje og sekken blir difor ikkje teken med. Vi ber om at dette blir retta på til neste tøming. Type avfall som ikkje skal i plastsekken: Vedsekkar, isopor, stroppeband, hardplast, emballasje med innhald og avfall som hører heime andre plassar. For eksempel restavfall. 

 

Plastsekken med farga folieplast inneheld avfall som ikkje er farga folieplast og sekken blir difor ikkje teken med. Vi ber om at dette blir retta på til neste tøming. Type avfall som ikkje skal i plastsekken: Klar folieplast, vedsekkar, isopor, stroppeband, hardplast, emballasje med innhald og avfall som hører heime andre plassar. For eksempel restavfall.

 

Plastsekken med klar folieplast inneheld avfall som ikkje er klar folieplast og sekken blir difor ikkje teken med. Vi ber om at dette blir retta på til neste tøming. Type avfall som ikkje skal i plastsekken: Farga folieplast, vedsekkar, isopor, stroppeband, hardplast, emballasje med innhald og avfall som hører heime andre plassar. For eksempel restavfall. 

 

Papp/Papir-dunken inneheld anna avfall enn papp og papir. Dunken vert difor ikkje tømt og vi ber om at dette blir retta på til neste tøming.

 

Papp-dunken/papp-kolli  inneheld anna avfall enn papp. Dunken/kolli vert difor ikkje tømt og vi ber om at dette blir retta på til neste tøming.

 

Glas- og metallemballasje dunken inneheld anna avfall enn glas- og metallemballasje. Dunken/kolli vert difor ikkje tømt og vi ber om at dette blir retta på til neste tøming. Eksempler som ikkje skal i denne dunken er slikt som steikepannar, armeringsjern, drikkeglas, glasruter med meir. Det er kun glas og metall som har opphav frå eballering av matvarer som skal i denne dunken. 

Dersom vi har retta feilen på staden og avfallet er henta, kan/vil det tilkome eit gebyr. 

Innsamling av husholdningsliknande plast, klar plastfolie og farga plastfolie kan næringskunder levere kostnadsfritt til oss. Når vi eventuelt kjem og samlar inn dette for deg som er kunde med oss så tek vi stykk-pris pr. innsamla sekk. Vi skiljer mellom sekkar frå 40 – 240 liter, og sekkar fra 250 – 800 liter

Lista her er ikkje uttømmande. Det kan vere andre typar avfall også. Dette slikt som farleg avfall, EE-avfall og anna. 

Send oss epost rss@retura.no eller bruk kontaktskjema.