Om Retura Søre Sunnmøre

Retura Søre Sunnmøre - Din lokale gjenvinningsleverandør

Retura Søre Sunnmøre vart etablert i 2004 og er ein av dei største aktørane innan avfallshandtering for næringslivet på Søre Sunnmøre. Vi leverer alt innan avfallshandtering, containerutleige, transport og rådgjeving, og har brei erfaring på korleis best ta hand om alle typar avfall på ein kostnadseffektiv og miljøbevisst måte.

Retura Søre Sunnmøre held til i Hovdebygda i Ørsta, og er miljø- og kvalitetssertifisert i samsvar med ISO NS-EN 14001 og ISO NS-EN 9001. Vi er omstillingsdyktige og tilpassar oss stadig nye krav og reglar frå myndigheitene, og har konsesjon for mottak av både ordinært- og farleg avfall.

Med brei kompetanse og ekspertise blir Retura Søre Sunnmøre din beste samarbeidspartnar. Vi vil at du som kunde skal oppnå dine miljømål og hjelper deg med å skreddarsy den optimale avfallsløysninga for deg og di bedrift når det gjeld alle typar avfall, innsamling, sortering og transport.

Som ein del av Retura Norge kan vi også tilby våre tenester på tvers av fylker og regionar. Saman jobbar vi for eit miljø i balanse ved hjelp av berekraftig gjenvinning. Vi bidreg til eit reinare lokalsamfunn og blir i vårt daglege virke motivert av våre kjerneverdiar; REINT

Rederlig
Energisk
Imøtekomande
Nær
Trygg

Send oss epost rss@retura.no eller bruk kontaktskjema.