Papir

Innsamla papir blir til nytt papir, bølgjepapp og avispapir, og noko blir eksportert til utlandet.

På papirfabrikken blir papiret rive opp i små bitar og blanda med vatn slik at det blir til ei grautaktig masse. Deretter blir trykksverten fjerna og massen som blir igjen, tørkast, pressast og rullast på store rullar. Rullane blir sendt ut på papirmarknaden som ny råvare. Ved bruk av returpapir er trefibrane allereie separerte og brukar mindre energi til å produsere papir frå returpapir enn frå tømmer. Trefibrane kan brukast om igjen 6-8 gonger før dei blir utslitne.

Send oss epost rss@retura.no eller bruk kontaktskjema.