Frå 1. januar blir Søre Sunnmøre Gjenvinning AS kjøpt opp og seinare fusjonert inn i Retura Søre Sunnmøre AS.
Retura Søre Sunnmøre leverer i dag tenester innan innsamling og gjenvinning av ordinært og farleg avfall samt berekraftige avfallsløysingar til næringsliv og offentlege kundar på Søre Sunnmøre. Samanslåinga markerer eit viktig steg i arbeidet med å vidareutvikle ei framtidsretta og effektiv avfalls- og gjenvinningsverksemd i regionen.
– Søre Sunnmøre Gjenvinning er eit godt drive selskap med solide kundar og dyktige tilsette. Eg ønskjer denne løysinga velkomen og er trygg på at samanslåinga med Retura vil vere til det beste for både tilsette og kundar framover, seier eigar Andre Ose Bøstrand.
Dagleg leiar i Retura Søre Sunnmøre, Mads Indresøvde, seier han er svært glad for tilliten som blir vist gjennom avtalen, og at partane er godt nøgde med å ha kome fram til ei semje.
– Samanslåinga vil bidra til å sikre lokale arbeidsplassar og skape nye moglegheiter for vekst og utvikling. Samstundes vil ho styrkje tilbodet vårt og gi gevinstar for både eigarar, kundar og lokalsamfunnet. Saman står vi sterkare og kan levere endå betre og meir berekraftige løysingar i regionen, seier Indresøvde.
Søre Sunnmøre Gjenvinning tilfører Retura nye forretningsområde, særleg innan behandling av skrapmetall, kabel og metallhandel, samt mottak av kasserte køyretøy. Dette gir Retura eit breiare tenestetilbod og styrkjer posisjonen som ein komplett aktør innan avfall og gjenvinning i regionen.
Etter fusjonen vil Retura Søre Sunnmøre ha totalt 17 tilsette. Begge selskapa har base i Hovdebygda, noko som legg til rette for effektiv drift og tett samarbeid også etter samanslåinga.