Ledig 100% stilling i spennande bransje – arb.stad ØRSTA
Retura Søre Sunnmøre AS (RSS) tilbyr eit totalprodukt innan avfallshandtering, containerutleige, transport og rådgjeving
Retura Søre Sunnmøre vart etablert i 2004 og er ein av dei største aktørane innan avfallshandtering for næringslivet på Søre Sunnmøre. Vi leverer alt innan avfallshandtering, containerutleige, transport og rådgjeving, og har brei erfaring på korleis best ta hand om alle typar avfall på ein kostnadseffektiv og miljøbevisst måte.
Retura Søre Sunnmøre held til i Hovdebygda i Ørsta, og er miljø- og kvalitetssertifisert i samsvar med ISO NS-EN 14001 og ISO NS-EN 9001. Vi er omstillingsdyktige og tilpassar oss stadig nye krav og reglar frå myndigheitene, og har konsesjon for mottak av både ordinært- og farleg avfall.
Med brei kompetanse og ekspertise skal Retura Søre Sunnmøre vere den beste samarbeidspartnar. Vi vil at kunden kunden skal oppnå sine miljømål og hjelper dei med å skreddarsy den optimale avfallsløysninga for bedrifta når det gjeld alle typar avfall, innsamling, sortering og transport.
Som ein del av Retura Norge kan vi også tilby våre tenester på tvers av fylker og regionar. Saman jobbar vi for eit miljø i balanse ved hjelp av berekraftig gjenvinning. Vi bidreg til eit reinare lokalsamfunn og blir i vårt daglege virke motivert av våre kjerneverdiar; REINT
Rederlig – Energisk – Imøtekomande – Nær – Trygg
Kunde- og salsmedarbeidar / HMS og Internkontroll har som hovudoppgåve å betene våre næring- og privatkundar med kundeoppfølging, service og sal. Til stillinga vil det også ligge oppfølging av våre HMT og Internkontroll-system, og ivaretaking og vedlikehald av våre ISO-sertifiseringar med tilhøyrande oppgåver. Du liker også å ta del i marknadsføring og vil bidra med vedlikehald av nettsider og våre sosiale kanalar.
Rolla inneber også overordna ansvar for struktur og rutinar innan HMT, internkontroll og iso-sertifiseringar. Denne rollen er også ansvarleg for å take i vare, og jobbe med, kontinuerleg forbetring og sikre at alle ledd i organisasjonen har rett fokus på HMT, drift og kvalitetssystema. Utvikling skjer gjerne i samarbeid med tilsvarande roller i morselskapet og kollegar elles. Du rapporterer direkte til dagleg leiar og driftsleiar.
Som person er du trygg og samlande, du er ikkje redd for å stå i prosessar, og du presterer gjerne framføre grupper i opplæringsformål. For å lykkast, trur vi du er strukturert, sjølvgåande, samtidig som det er stor fordel om du har ei forretningsmessig tankegang. Du er god med menneske og flink til å kommunisere. Vi har eit uformelt arbeidsmiljø, og håper å finne deg som vil bidra til å bevare dette, og samtidig gi av seg sjølv, for å skape eit enda betre selskap.
Ansvarsområde:
- HR-relaterte oppgåver, kontroll timelister, systemoppfølging og kompetanseutvikling
- Bidrege med å strukturere HMT-fokuset i organisasjonen
- Oppfølging og vedlikehald av selskapets ISO-sertifiseringar (14001 og 9001)
- Delta i ordremottak/telefonsløyfe i administrasjonen
- Medansvarleg for å skape eit godt arbeidsmiljø i organisasjonen
- Avviks handtering
- Overordna ansvar for å følge opp og utarbeide/vedlikehalde rutinar for køyretøy og utstyr i samarbeid med selskapets leiing og medarbeidarar
- Ta del i planleggingsfasen på HMT relaterte spørsmål
- Kundeoppfølging med besøk hos kundar
- Bidrege i berekraftsarbeid og diverse rapporteringar
- Oppdatere diverse informasjon på nettsider etc.
Kvalifikasjonar:
- God norsk framstillingsevne (munnleg og skriftleg)
- Kan kommunisere på engelsk
- Gode datakunnskapar og fortruleg med bruk av digitale verktøy
- Erfaring med kundeoppfølging og salserfaring
- Gjerne erfaring med ISO-standardar og/eller, HMT(HMS), Internkontroll og liknande
- Vi ser helst at du har utdanning på høgskulenivå eller anna relevant kompetanse, men relevant og dokumentert erfaring kan kompensere for dette
- Sertifikat klasse B (må ha)
Personlege eigenskapar:
- Engasjert og positiv innstilling
- Løysingsorientert og fleksibel
- Gode samarbeidsevner
- Evne til relasjonsbygging
- Evne til å løyse utfordringar
- Service-venleg og kundeorientert
- Taklar ein hektisk kvardag med raske omstillingar
- God kommersiell forståing
- Sjølvdreven
- Initiativtakar
Vi tilbyr:
- Spennande arbeidsoppgåver i ei bransje med viktige samfunnsoppgåver
- Ein spennande jobb med fagleg og personleg utvikling
- Nettverk og samarbeid med andre Retura selskap over heile landet og med Retura Norge
- Konkurransedyktige vilkår i form av løn og pensjonsvilkår
- Kurs og kompetanseheving
- Løn og tiltreding etter nærmare avtale
Høyrast dette ut som deg?
Dersom dette er spennande for deg, så ser vi fram til å få oversendt din søknad med CV!
Søknad berre via Finn.no sin søknadsportal: Ledig 100% stilling i spennande bransje – arb.stad ØRSTA | FINN.no
Søknadsfrist er snarast og seinast innan 20.10.2024
Aktuelle kandidatar vil verte kontakta fortløpande.
Alle søknadar og anna kontakt vert handsama konfidensielt.
Ta kontakt med dagleg leiar Øyvind Amdam på mobil 973 38 122 eller e-post oyvind.amdam@retura.no dersom du har spørsmål til stillinga.