Vedteken CO2 avgift frå 1. Januar 2022

Vedteken CO2 avgift frå 1. Januar 2022

Det vart i Stortinget fredag 17.desember, i revidert Statsbudsjett, vedteken innføring av CO2 avgift på avfall som skal til forbrenning.

CO2 avgifta pålydande kr.106,- pr. tonn vil verte lagt på tonnprisen på alle avfallstyper som sluttbehandlast ved Norske forbrenningsanlegg.

Avgifta gjerast gjeldande for alle frå 1. Januar 2022 og skal etter planen trappast opp fram mot 2030. Ordninga er heimla i Regjeringen.no/ Norsk Lovdata.

 

Avgiftssatsar 2022 – regjeringen.no
https://www.regjeringen.no/no/tema/okonomi-og-budsjett/skatter-og-avgifter/avgiftssatser-2022/id2873933/

 

Kva kan du som kunde gjere?
Ved å auke fokus på eigen kjeldesortering kan du redusere mengda restavfall og andre avfallstypar som skal til forbrenning. Ved god kjeldesortering får ein auka mengda avfall som kjem til materialgjenvinning slik at ressursen kan haldast i live så lenge som mogleg.

 

Ta gjerne kontakt med oss for ein gjennomgang av din bedrift sine løysingar.

 

Send oss epost rss@retura.no eller bruk kontaktskjema.