Co2-avgifta på forbrenning av avfall
Stortinget har vedteke i Statsbudsjettet for 2024 å auke Co2 avgifta på forbrenning av avfall frå kr 131,- pr. tonn med auke kr 354,- pr. tonn. Auke ca. 270%. Ny slik avgift vert då totalt kroner 485,- pr. tonn. Dette er endring i offentlege skattar og avgifter og vi vil følgeleg regulere våre priser tilsvarande med verknad frå 1.1.2024. Avgifta kjem på toppen av den generelle prisauken.
Ref.; Avgiftssatser 2024 – regjeringens forslag – regjeringen.no
Avfallsforskriften
Vi minner om at det frå 1. januar 2023 er krav om kjeldesortering av matavfall, plast og hageavfall. Dette skal til materialgjenvinning. Altså vil det ikkje lenger vere tillat med energigjenvinning (forbrenning). Vi har sjølvsagt løysningar for dette. Det er berre å ta kontakt så finner vi ut kva som passer best for dykk.
Generell prisregulering 1. januar
Vi varslar samtidig at vi i tråd med våre vilkår gjennomfører årleg generell prisregulering med verknad
frå 1. januar 2024.
Generell prisauke på fraksjoner og leige aukast med, 4,8%
Ref.; Konsumprisindeksen (ssb.no)
Transportratane aukast med (maksimalt men nokre lågare), 5,7 %
Ref.; Kostnadsindeks for lastebiltransport (ssb.no)
Totalkostnadsindeks for vare- og lastebiltransport, renovasjon, hushaldningsavfall (3. kvartal 2022 – 3. kvartal 2023).
Drivstofftillegg:
Dersom vi ser at drivstoffprisane held seg høgare enn kva som er grunn til å rekne med vil det verte innført ekstraordinært drivstofftillegg.