Ved lansering av ny nettside rett før jul 2022 vart ikkje prisvarsel med over på den nye nettstaden vår. Den vert difor lagt ut på nytt no.
Myndigheitene har vedteken endring i Co2 avgift på forbrenning av avfall.
Endringar i Avfallsforskriften vil få konsekvens for mange verksemder.
Auke i Co2-avgift på forbrenning av avfall
Stortinget har i Statsbudsjett for 2023 vedteke å auke Co2 avgifta på forbrenning av avfall med kr
155,- pr. tonn i tillegg til den avgifta som vart innført frå 1.jaunar 2022. Ny slik avgift vert då totalt kroner 261,- pr. tonn. Dette er endring i offentlege skattar og avgifter og vi vil følgeleg regulere våre priser tilsvarande med verknad frå 1.1.2023.
Endring i Avfallsforskriften
Stortinget har også vedteken endringar i Avfallsforskriften som vil få konsekvensar for mange
verksemder. Endringane går i hovudtrekk ut på at det frå 1. januar vil bli krav om kjeldesortering av
matavfall, plast, hageavfall og at dette skal til materialgjenvinning. Altså vil det ikkje lenger vere
tillat med energigjenvinning (forbrenning). Vi har løysningar klart for dette. Det er berre å ta kontakt
så finner vi ut kva som passer best for dykk.
Generell prisregulering 1. januar
Vi varslar samtidig at vi i tråd med våre vilkår gjennomfører årleg generell prisregulering med verknad
frå 1. januar 2023.
Generell prisauke på fraksjoner og leige aukast med, 7,5%
Ref.;Konsumprisindeksen (ssb.no)
Transportratane aukast med (maksimalt men nokre lågare), 15,9 %
Ref.; Kostnadsindeks for lastebiltransport (ssb.no)
Nærtransport utan bom/ferjekostnad (3 kvartal 2021 – 3. kvartal 2022)
Drivstofftillegg:
Det ekstraordinære drivstofftillegget som har vorte fakturert vil frå nyåret 2022 takast bort.
Tillegget er teke høgde for og no innregulert i kostnadsindeks for lastebiltransport.
Ref.; Avgiftssatser 2023 – regjeringens forslag – regjeringen.no