– Vi gratulerer Mowi Steinsvik med Returaprisen. Dei har ei sorteringsgrad på nærare 72 prosent – det er heilt eineståande, seier dagleg leiar i Retura Søre Sunnmøre, Øyvind Amdam.
Returaprisen vert delt ut til kunder av Retura Gruppen etter kriterier som sorteringsgrad og prioritering av miljøvennlige løysingar. Amdam peiker på Mowi sine høge målsettingar for miljøarbeid og at dei stadig forbetrar seg som medverkande årsaker til at Steinsvik-bedrifta gjekk til topps i kåringa.
– Det er ingen tvil om at dei både har eit stort engasjement for bærekraft og miljø, og har lukkast med å implementere dette i drifta. Dei er eit føredøme for andre som vil ta steg i bærekraftsarbeidet sitt, og vi er stolte av at dei har valt oss som samarbeidspartnar for avfallshandtering, seier Retura-sjefen.
– Og så er dei utruleg kjekke å jobbe med! Alltid imøtekomande, på tilbodssida og hyggjelege, seier Amdam og har med seg alle kollegaene i Retura Søre Sunnmøre når han takkar prisvinnaren:
– Vi ønskjer å takke alle tilsette i Mowi Steinsvik for engasjementet og innsatsen. Vi er stolte og imponerte over kva de har fått til, og ser fram til vidare samarbeid. Denne prisen er ei feiring av dedikasjonen til dei bærekraftige praksisane dykkar, og til inspirasjon for andre i bransjen.
Prisen vart høgtideleg overrekt til Area Manager Freshwater – Ole Martin Dahle og Driftsleiar Mowi Steinsvik – Erik Salveson.
Retura Søre Sunnmøre er ein del av den landsdekkande kjeda Retura AS, med 24 verksemder som tilbyr komplette avfallsløysingar for næringslivet. Alle verksemder i Retura er ISO-sertifisert etter NS-EN ISO 9001:2015 (kvalitet) og ISO 14001:2015 (miljø). Vi ønskjer å gi merksemd til dei som gjør en innsats for miljøet og vil motivere alle til å følge på.
Bilde frå prisutdelinga:
Foto: Lone Arnesen – Retura
Frå venstre mot høgre: Erik Salveson (Driftsleiar Mowi Steinsvik), Øyvind Amdam (dagleg leiar Retura Søre Sunnmøre), Ole Martin Dahle (Area Manager Freshwater i Mowi)