TRYKK HER FOR SORTERINGSVEGLEIAR

Plast sorterast etter ulike typar. Større gjenstandar av plast skal leverast på gjenvinningsstasjonen.

Folieplast sorterast som eigen fraksjonar i klar eller farga folieplast. Hos gjenvinnaren blir plasten først grovsortert før den blir pressa saman til ballar og lagra for vidare salg. Når plasten er sortert inn i ulike typer, kan den smeltast ned. Så blir plasten pressa til strimler, og kutta opp i små bitar som blir kalla granulat. Dette er eit råstoff som brukast i produksjon av nye plastprodukter. Plasten blir selt vidare til plastgjenvinnarar i fleire land avhengig av marknadsprisen.