Retura Søre Sunnmøre AS tilbyr eit totalprodukt innan avfallshandtering, containerutleige, transport og rådgjeving.

 

Retura Søre Sunnmøre vart skipa i 2004, og er eit franchiseselskap i Retura Norge AS. Retura Søre Sunnmøre held til i Hovdebygda i Ørsta. Vi er 8 tilsette, og i tillegg ein lærling og ein vikar. Alle tilsette har sine ansvarsområder med fokus på å gjere vegen mellom kunde og selskapet kort. I tillegg har vår eigar, Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS, lang ekspertise innanfor avfallshandtering. Retura Søre Sunnmøre dekker hovudsakleg kommunane Volda og Ørsta, men har óg samarbeid med Retura-avdelingar utanfor kjerneområdet.

Omsetninga har auka jamt siste åra, og passerte 20 mill. i 2016. I ei bransje i stor og rask utvikling er det viktig å drive etter gjeldande normer og reglar, og eigen konsesjon for mottak av næringsavfall og farleg avfall er difor på plass. Retura Søre Sunnmøre AS er miljø- og kvalitetssertifisert i samsvar med ISO NS-EN 14001:2004 og ISO NS-EN 9001:2008.

 

Våre mål

Vårt mål er å vere best i alle ledd; heilt i fra første kontakt med kunde til avfallet er levert. Våre ansatte har høg kompetanse innan sortering og behandling av avfall, og vi blir med jamne mellomrom oppdaterte på nye krav gjennom intern og ekstern kursing.

Vi gjer vårt ytterste for å spare miljøet mest mogleg i henhald til Retura Norge sitt motto om ”eit miljø i balanse”. Gjennom vår verksemd med rådgjeving og leveransar av miljøriktige avfallstenester, kan Retura Søre Sunnmøre medverke til redusert grad av forsøpling og forureining over det ganske land. Vi er audmjuke, men også stolte av, å kunne gi eit langsiktig, positivt bidrag til norsk natur og artsmangfald: norsk natur og miljø i betre balanse.

 

 

02_flyfoto_vor_org