Handtering av avfall er eit fagfelt som stadig krev meir spesialkunnskap. Vi i Retura kombinerar høg avfallskompetanse med unik lokalkunnskap. Dette sikrar våre kundar dei rette avfallsløysingane – som tek hensyn til både miljø og økonomi.

Verdien av smart avfallshandtering kan vere stor, ein sparer både tid, plass og pengar. For dei fleste er også det å vere trygg på at verksemda si avfallsløysing tek omsyn til miljøet og stettar myndigheitene sine krav av stor betydning. Alt dette er i trygge hender med Retura på laget. Vi legg store ressursar i intern kompetanseutvikling og er sertifisert etter kvalitetsstandarden ISO 9001 og miljøstyringssystemet ISO 14001. Kort sagt, vi veit korleis vi skal hjelpe deg og miljøet på beste måte!

VÅR VEI TIL GODE AVFALLSLØYSINGAR:

  • Kartlegging av kunden sin situasjon og behov
  • Utarbeiding av avfallsløysing
  • Relevante lover og forskrifter
  • Oversikt over avfallstyper og mengder
  • Sorteringsløysingar/oppsamlingspunkt
  • Hentefrekvens/transport
  • Utarbeiding av avfallsplan
  • Opplæring av tilsette i forbindelse med oppstart
  • Merking/HMS-dokumentasjon
  • Målsetting/oppfølging