Plast som ikkje er emballasje skal kastast i restavfallet. Større gjenstandar av plast skal leverast på gjenvinningsstasjonen.

Hos gjenvinnaren blir plasten først grovsortert før den blir pressa saman til ballar og lagra for vidare salg. Når plasten er sortert inn i ulike typer, kan den smeltast ned. Så blir plasten pressa til strimler, og kutta opp i små bitar som blir kalla granulat. Dette er eit råstoff som brukast i produksjon av nye plastprodukter. Plasten blir selt vidare til plastgjenvinnarar i fleire land avhengig av marknadsprisen.