BØLGEPAPP

Etter at den brune returfiberen er levert til ein mottaksstasjon eller er henta av Retura Søre Sunnmøre blir det sortert og pressa til store baller. Brun returfiber er ein verdifull og etterspurd råvare og blir etter sortering selt til ein papirfabrikk, i Norge eller i utlandet. Ca 50% blir eksportert til utlandet, mellom anna Kina, India, Tyskland og Sverige.

EMBALLASJEKARTONG

Kartong som brukast til å pakke inn frossenpizza, frokostblandingar, småelektronikk, leiketøy og så vidare blir kalla emballasjekartong. Når kartonger og papiravfall er samla inn fra hushaldningar går det vidare til eit sorteringsanlegg der det blir sortert etter forskjellige papirkvaliteter. Papiret blir deretter frakta til papirfabrikker der noko blir til nytt papir, som avispapir, og anna papir blir til bølgepapp.