Innsamla papir blir til nytt papir, bølgepapp og avispapir, og ein del eksporterast til utlandet.

På papirfabrikken blir papiret rive opp i små bitar og blanda med vatn slik at det blir til ei grautaktig masse. Deretter blir trykksverten fjerna og massen som blir igjen, tørkast, pressast og rullast på store ruller. Rullane sendast ut på papirmarkedet som ny råvare. Ved bruk av returpapir er trefibrane allereie separert og det brukast derfor mindre energi for å produsere papir frå returpapir enn frå tømmer. Trefibrane kan brukast om igjen 6-8 gonger før dei blir utslitne.