Matavfall

Matavfall som blir kjeldesortert kan bli til næringsrik jord eller biogass.

Matavfall inneheld mellom anna fosfor, som er ein viktig, men ikkje ubegrensa ressurs, som planter, dyr og menneske treng. Ved å gjenvinne matavfall til kompost, gjenvinnast også fosforet. Kompost betrar jordkvaliteten i motsetnad til fullgjødsel, som pumpar inn næring til sjølve plantene. I dag blir komposten mest brukt til private hagar og grøntanlegg.

Noko matavfall går også til biogassproduksjon. Først blir matavfallet forbehandla og kverna, før større ureinheiter blir skilt ut. Biogassanlegget er som ein lukka tank og sjølve produksjonen tek mellom tre og fire veker. Biogassen kan brukast til å produsere varme og straum når den blir brent direkte. Biogass kan også nyttast som drivstoff, primært for bussar, renovasjonsbilar og taxier, noko som fører til vesentleg mindre utslepp og mindre støy.

Send oss epost rss@retura.no eller bruk kontaktskjema.