Kun glasemballasje, som glasflasker utan pant, syltetøyglas og liknande skal leverast til gjenvinning. Glas som ikkje er emballasje (til dømes porselen, steintøy og ildfaste former) kan innehalde ting som kan øydelegge gjenvinningsprosessen og skal derfor sorterast som restavfall.

På mottaket tømmast glas- og metallemballasjen over på eit band. Magnetar sortera ut stål og aluminium, og dette går til metallgjenvinning. Glasemballasjen fortsett vidare og blir knust og gjennomlyst i ei stor maskin. Maskina kan sortere glasbitane etter fargenyansar, og knuse dei ned i ønska størrelse. Lys les fargen på kvar minste glasbit og sorterer slik innstillingen gir beskjed om. Råstoffet frå glasemballasjen selgast til glasverk som smeltar det om til ny glasemballasje. Råstoffet kan også brukast til å lage isolasjon til hus, og isolerande materiale til veibygging og byggeblokker.

 

Metallemballasje er all emballasje for mat- og drikke (unntatt drikkebokser med pant), som er laga av metall.

Innsamla glas og metallemballasje endar på eit sorteringsanlegg. Etter at uønska materiale er sortert ut selgast aluminium og stål som råvarer på verdsmarknaden. Det blir til alle mulige produkter. Aluminium kan til dømes bli til aluminiumsfolie, makrell i tomat-bokser og syklar. Stål kan gjenvinnast til bruk i blant anna stålkonstruksjonar i bygg, verktøy, spiker og skruar,