EE-avfall er alle produkter som bruker eller leiar straum – anten det er frå strømnettet eller frå batteri. EE-avfall skal leverast på gjenvinningsstasjonen eller hos forhandlarar som sel elektroniske produkt.

Etter at EE-avfallet er levert direkte til gjenvinningsstasjonen, eller via ein forhandlar, fraktast det til næraste mottaksanlegg. EE-avfall består av mange forskjellige typer produkt og må derfor for det meste sorterast manuelt. På mottaksanleggene skrur ein frå kvarandre og sortera dei ulike delene. Mykje av EE-avfallet inneheld stoff som er miljøskadelige. Disse må hentast ut slik at dei blir behandla på ein forsvarleg måte.

Etter at materialene har blitt grovsortert, sendast dei videre. Kor dei blir sendt er avhengig av kva prosess dei skal gjennom. Her kan vi skille mellom miljøsanering og vidareforedling. Metallet sendast til smelteverk i Norge eller Sverige. Plasten går anten til energiutnytting eller til materialgjenvinning.