Retura har konsesjon frå fylkemannen for mottak, sortering og omlasting av næringsavfall, samt mottak og mellomlagring av farleg avfall.

Vi jobbar kontinuerleg for å ha dei mest kostnadseffektive og miljøriktige avfallsløysingane. I ein bransje som er i stadig utvikling og endring er det svært viktig å følge gjeldande reglar og krav frå myndigheiter til ei kvar tid.

Våre tilsette er godt kursa og har god kompetanse på handtering av avfall, herunder også farleg avfall.

 

Retura tilstrebar å følge avfallshierarkiet sin ideologi, der målsettinga er minst mogleg avfall til deponi. Mesteparten av avfallet som går gjennom vårt anlegg vert sortert til materialgjenvinning og energiutnyttelse, medan vi oppmodar våre kundar til å bruke dei lokale bruktbutikkane i Volda og Ørsta for gjenstandar som kan nyttast av andre