– Miljøengasjementet i Retura Søre Sunnmøre er sterkt, og vi vil vere leiande på dette i vår region. Difor er vi glade for at vi no er re-sertifisert for ISO 14001 og ISO 9001 som er standardane for miljø- og kvalitetsleiing.

– Retura Søre Sunnmøre har hatt desse sertifikata i to periodar sidan 2016, og miljøfokuset har blitt ein sentral del av drifta i gjenvinningsstasjonen.

– Det er svært gledeleg at fleire av kundane våre, særskilt på bedriftsmarknaden, men også private, har krav til miljø- og kvalitetsfokus når dei skal velje aktør i bransjen.

– Vi har ulike verktøy for miljømålingar og kan ta ut skreddarsydde rapportar. Slik kan vi sikre at lovpålagde krav for miljø og kvalitet vert nådd hjå bedrifter eller i prosjekt, til dømes når det kjem til gjenvinning og berekraft.

Miljøengasjementet vert ein del av jobben. Dette viser også att i slagorda kjeda har på landsbasis: «Eit miljø i balanse» og «Berekraftig gjenvinning over heile landet».

Fokuset på miljø syner også att på resultatfronten. Amdam og kollegaene kan vise til god vekst for det siste året. Dette kjem frå både privatmarknaden og bedriftskundar. – Vi har sjølvsagt sett ein covid-effekt, der folk har rydda og pussa opp i perioden. Det har medført mykje utleige av containerar, bossekkar og liknande, men det har også vore mange prosjekt på bedriftssida. Kombinasjonen miljøkrav og berekraftsfokus gjer at våre verktøy vert enda meir attraktive. Summen vert større miljøgevinst for oss alle, seier Amdam.

Retura Søre Sunnmøre er totalleverandør av avfallstenester for næringslivet og privatmarknaden på Søre Sunnmøre, og er samlokalisert med Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS (VØR) i Hovdebygda.

Legg igjen en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Post comment