Vi søker etter sjåfør til kranbil som kan vise til erfaring med tilsvarande oppdrag. Det er ønskeleg at du kjenner området Volda/Ørsta og omega godt og at du er ein relasjonsbyggar.

 

Arbeidsoppgåver:
Sjåfør har som hovudoppgåve å betene våre næring- og privatkundar med kran- og transport av gods på Sunnmøre og omega. Innimellom kan det også vere aktuelt med transportoppdrag utanfor dette området. Kundeoppfølging, service og sal både på veg og hos kunde følgjer med. Ved behov vil du kunne settast til arbeid ved andre bilar og oppgåver i bedrifta.

 

Kvalifikasjonar:
• God norsk framstillingsevne (munnleg og skriftleg)
• Kan kommunisere på engelsk
• Førarkort klasse C og CE
• Kranførarbevis G8
• Oppdatert kompetansebevis for yrkessjåfør (YSK)
• Oppdatert på lover og forskrifter for yrkessjåførar

 

Personlege eigenskapar:
• Ærleg, strukturert, engasjert og positiv innstilling
• Løysingsorientert og fleksibel
• Gode samarbeidsevner
• Evne til relasjonsbygging
• Evne til å løyse utfordringer
• Servicevenleg og kundeorientert
• Taklar ein hektisk kvardag med raske omstillingar

 

Vi tilbyr:
• Spennande arbeidsoppgåver i ei bransje med viktige samfunnsoppgåver
• Ein spennande jobb med fagleg og personleg utvikling
• Konkurransedyktige vilkår i form av løn og pensjonsvilkår
• Kurs og kompetanseheving
• Ordna løn- og pensjonsvilkår

 

Høyrast dette ut som deg?
Dersom dette er spennande for deg, så ser vi fram til å få oversendt din søknad med CV!

Søknad sendast til oyvind.amdam@retura.no
Søknadsfrist er snarast og seinast innan 15.06.2021
Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.

Alle søknadar og anna kontakt blir handsama konfidensielt.

Ta kontakt med dagleg leiar Øyvind Amdam på mobil 973 38 122 dersom du har spørsmål til stillinga.