Retura Søre Sunnmøre AS søkjer etter Kunde- og salsmedarbeidar / HMS og Internkontroll

Retura Søre Sunnmøre AS (RSS) tilbyr eit totalprodukt innan avfallshandtering, containerutleige, transport og rådgjeving

RSS vart skipa i 2004, og er eit franchiseselskap i Retura Norge. RSS held til i Hovdebygda i Ørsta, har 8 fast tilsette, og er i tillegg lærling bedrift.

 Gjennom vårt forretningskonsept gjer vi vegen mellom kunde og selskapet kort. RSS dekker hovudsakleg kommunane Volda og Ørsta, men har òg samarbeid med Retura-avdelingar utanfor kjerneområdet.

 I ei tid der berekraftig utvikling, klima og miljø er sentralt, er RSS ein viktig samarbeidspartnar for det lokale næringsliv og det offentlege til å nå viktige mål. Omsetninga har auka jamt siste åra og vi opplever å ha trufaste kundar som ser at vi er ein føretrekt leverandør av avfallstenester.

 RSS har konsesjon for mottak av ordinært- og farleg avfall og vi er miljø- og kvalitetssertifisert i samsvar med ISO NS-EN 14001 og ISO NS-EN 9001.

 Arbeidsoppgåver:

Kunde- og salsmedarbeidar / HMS og Internkontroll har som hovudoppgåve å betene våre næring- og privatkundar med kundeoppfølging, service og sal. I tillegg vil det vere oppfølging av landsdekkande avtalar i Retura-systemet. Til stillinga vil det også ligge oppfølging av våre HMS og Internkontroll-system samt ivaretaking og vedlikehald av våre ISO-sertifiseringar med tilhøyrande oppgåver. Du liker også å ta del i marknadsføring og vil bidra med vedlikehald av nettsider og våre sosiale kanalar.

Elles ligg det diverse merkantile oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar: 

  • God norsk framstillingsevne (munnleg og skriftleg)
  • Kan kommunisere på engelsk
  • Gode datakunnskapar og fortruleg med bruk av digitale verktøy
  • Erfaring med kundeoppfølging og salserfaring
  • Gjerne erfaring med ISO-standardar og/eller, HMT(HMS), Internkontroll og liknande
  • Det er ynskjeleg, men ikkje eit krav, med storbilsertifikat eller maskinførarkompetanse
  • Søkar må ha sertifikat klasse B (personbil)
  • Vi ser helst at du har vidaregåande utdanning men dokumentert og relevant erfaring kan kompensere for dette

Personlege eigenskapar:

  • Engasjert og positiv innstilling
  • Løysingsorientert og fleksibel
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til relasjonsbygging
  • Evne til å løyse utfordringer
  • Service-venleg og kundeorientert
  • Taklar ein hektisk kvardag med raske omstillingar

Vi tilbyr:

  • Spennande arbeidsoppgåver i ei bransje med viktige samfunnsoppgåver
  • Ein spennande jobb med fagleg og personleg utvikling
  • Nettverk og samarbeid med andre Retura selskap over heile landet og med Retura Norge
  • Konkurransedyktige vilkår i form av løn og pensjonsvilkår
  • Kurs og kompetanseheving
  • Løn og tiltreding etter nærmare avtale

Høyrast dette ut som deg?
Dersom dette er spennande for deg, så ser vi fram til å få oversendt din søknad.

Søknadsfrist er snarast og seinast innan 04.12.2020

Søknad med CV sendast til oyvind.amdam@retura.no!

Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.

Alle søknadar og anna kontakt blir handsama konfidensielt.

 

Ta kontakt med dagleg leiar Øyvind Amdam på mobil 973 38 122 dersom du har spørsmål til stillinga.