Retura Søre Sunnmøre AS følgjer dei generelle råda frå Folkehelseinstituttet for å redusere faren for spreiing av coronaviruset.

Retura Søre Sunnmøre AS utfører samfunnsviktige oppgåver som renovasjon og avfallshandtering, og må avgrense
mogelege smittekildar for våre tilsette.

Vi har iverksett tiltak hjå våre tilsette for å hindre ei eventuell spreiing internt, men er avhengig av hjelp frå alle kunder og
leverandørar til å redusere risikoen.

• Kontakt oss ved bruk av telefon, e- post eller Facebook. Unngå personleg oppmøte på kontoret i Torvmyrane
• Retura Søre Sunnmøre AS er samlokalisert med VØR og deler areal med dei.
•Vi ber om at våre kundar unngår å møte på miljøstasjonen om ikkje det er heilt naudsynt
•For å hjelpe på situasjonen tilbyr vi gratis leige og 10 % rabatt på transport ved bestilling av 10m3 åpen container i perioden fram mot påske.
•Unngå direkte kontakt med våre sjåførar og hald anbefalt avstand ved levering/innhenting av container og avfall.

Vi følgjer med på utviklinga, og informasjon og krav frå myndigheitene. Strengare tiltak kan bli innført på kort varsel.