Som tidlegare år køyrer vi bygderydding for dei som har lang veg til mijøstasjonen.

Finn informasjon og dato for di bygd her!

Eit samarbeid mellom RSS, VØR og grendalaga med ryddige bygder som mål!

Kvifor?
Reine og ryddige bygder er trivelege både for fastbuande og tilreisande. Her har du sjansen å bli kvitt avfallet på ein enkel måte.

Avfall i kulturlandskapet er:

• skjemmande for nærmiljøet
• risikabelt for folk og dyr
• dårleg reklame når det gjeld å lokke nye innbyggarar og turistar
til bygda.

Med dette samarbeidet ynskjer vi å gjere oppryddinga enklare og billegare. Dette er i utgangspunktet eit tilbod til dei som bur på bygdene og har lang veg til miljøstasjonen i Hovdebygda.

 

 

1.Metall/jern

Det vert sett ut ein container for reint metall,Det er svært viktig at berre metall vert kasta i denne.
Sjå eksempel under:

Ja takk
traktorredskap, fjøsinnreiingar, utdatert landbr.utstyr, metallgjerder, syklar, forhaustarar, slåmaskiner

Nei takk
plast, gummi, treverk, restavfall, farleg avfall, vindauge, matavfall

Vi ber om at olje vert tappa av slikt utstyr som har dette, og at batteri vert tekne ut og levert som farleg avfall.
Store gjenstandar, t.d. traktorar, gravemaskiner, bilar, lastebilar og liknande som ikkje går inn i containeren kan det gjerast særskilt avtale med RSS om. Desse kan verte henta på staden dersom det er råd å kome til med kranbil.

 

2. EE-avfall

Det vert sett ut container også for Elektrisk og elektronisk (EE) avfall, eksempelvis kvitevarer, tv og diverse hushaldningsapparat.

Ingenting anna enn EE-avfall skal plasserast her.

 

3. Henting av restavfall på bygdene

  • Til dømes:
  • byggeavfall
  • møblar og tepper
  • bøker
  • hardplast m.m.

Hentinga er gratis, men det vert belasta kr 2,29,- pr kg (inkl. mva) for avfallet.

Dei som er interessert i ei sånn løysing,kan kontakte Retura Søre Sunnmøre AS
på tlf 70048610 eller pr e-post rss@retura.no.

Avfallet vert henta onsdag 22.mai.