Ledig 100 % stilling som sjåfør
Retura Søre Sunnmøre AS er ein totalleverandør av avfallstenestar og tilbyr hovudsakleg tenestar innan transport, kranbilar, containerutleige, rådgjeving og avfallshandtering. Vi er plassert i Hovdebygda og har hovudvekt på det geografiske området Ørsta og Volda kommune. Vi kan tilby ein spanande og utfordrande arbeidsdag, eit godt arbeidsmiljø og gode løns- og pensjonsordingar.
Arbeidsoppgåver
- Transport av containerar til og frå anlegget i Hovdebygda
- Andre oppgåver kan bli aktuelt i periodar
Kvalifikasjonar
- Førarkort klasse CE
- Oppdatert kompetansebevis som yrkessjåfør
- Beherske norsk munnleg og skriftleg
- Ynskjeleg med ADR, Kranførerbevis, Maskinførerbevis
- Sveisekyndig med kurs i varmearbeid vil vere et pluss.
Ved spørsmål om stillinga ta kontakt med Mads Indresøvde på telefon 41213940
Søknad med CV sendast til mads.indresovde@retura.no innan 19.08.2018.