Vi har fornya bilparken vår ytterlegare, og har fått levert ein ny Volvo FH540 med Fassi kran.

Bilen er oppbygd på Larsnes Last og Buss, og er godt utstyrt med frontlabb, vinsj og jibb.

Krana er levert av Fassi, er 82 tonnmeter og har ei rekkevidde på heile 35,5 meter.

Vi tek på oss alle typar kraning og transport både til privat- og næringskundar. I tillegg til utsetting og innhenting av container på ukurrante stadar, kan vi også hente bilvrak, utdatert landbruksutstyr, båtar, campingvogner, maskiner m.m.

Ta kontakt for prisoverslag.