Alle næringskundar som produserer farleg avfall har plikt til å levere slikt avfall til eit godkjent mottak. Avfallet skal deklarerast ved levering, slik at mottaket har alle opplysningar om avfallet for vidare handtering. Desse opplysningane er til dømes EAL kode, avfallsstoffnummer, fysiske egenskapar, vekt osv.

Til no har Retura Søre Sunnmøre AS i dei fleste tilfelle fylt ut deklarasjonsskjema på vegne av kunden mot eit gebyr – og levert ein gjenpart til kunden.

Miljødirektoratet har no opna avfallsdeklarering.no. På denne online tenesta skal avfallsprodusenten enten ;

  • Deklarere avfallet sitt sjølv og sende til Retura
  • Gi Retura Søre Sunnmøre fullmakt til å gjere jobben med deklarering

Miljødirektoratet avvikla  papirskjema 01.05.2016.

Komplett brukarmanual finn ein på www.avfallsdeklarering.no

For å få dette opp å gå må dagleg leiar av bedrifta først aktivere tenesta på altinn.no. Deretter kan ein opprette brukarar på avfallsdeklarering.no. Kvar bedrift kan registrere fleire personar / sluttbrukarar som har tilgang til å fylle ut slike skjema.

Ta kontakt med Jon Arne Steinsvik på 90670596 eller Retura Sentralbord på 70048610 for meir informasjon. Alle næringar som leverer farleg avfall vere registrerte i systemet for at vi kan ta i mot avfallet.

deklarering